Kan du tenkje deg å vere besøksheim?

Naustdal barnevernteneste treng besøksheimar.

 

Eikelia i kveldsmørket - Klikk for stort bilete

Å være besøksheim vil sei at du tar imot eit barn eller ein ungdom i din eigen heim nokre dagar i månaden. Du får besøk av eit gitt barn eller ein gitt ungdom med behov for omsorg, trygghet og gode opplevingar. Du og heimen din skal vere ein positiv støtte for dette barnet eller denne ungdommen.

 

Vil du vite meir eller melde di interesse, ta kontakt med Naustdal barnevern på tlf. 45 87 91 69.

 

Besøksheim er eit frivillig hjelpetiltak for:

  • barn og unge som treng å besøke nokon andre vaksne utanfor sin eigen heim
  • familiar som treng avlasting frå særleg tyngande omsorgsoppgåver
  • Besøksheimen erstattar ikkje barnet sin heim, men er ein ekstra ressurs for barnet og ein støtte for foreldra.

 

Du mottar besøk ein eller fleire helgar per månad. I enkelte tilfelle kan det være behov for avlasting  på vekedagar eller i feriar.

 

Vilkår:

Både einslege, par og barnefamiliar kan verte besøksheim.

 

For å bli godkjent som besøksheim må du:

  • ha ein stabil livssituasjon og kunne binde deg for minst eit år
  • ha overskot, tid og ein ekstra sengeplass
  • vere glad i barn
  • ikkje ha store helseutfordringer, livskriser, rusproblem eller psykiske problem
  • legge fram politiattest som ikkje er eldre enn tre månadar
  • Det er personlig eignaheit som vert vektlagt ved godkjenning av besøksheim. Det vert ikkje stilt krav til utdanning.

 

Du får utbetalt ei døgnbasert godtgjering for å vere besøksheim.