Informasjon til lag og organisasjonar om søknadsrunden på spelemidlar for 2020

Dette gjelder alle lag og organisasjonar som er aktuelle for å søkje om spelemidlar i det som frå 1. januar 2020 blir Sunnfjord kommune. 

Søknadsfristen er sett til 1. oktober 2019.

Fram til årsskiftet er både Jølster, Naustdal, Gaular og Førde eigne kommunar, det betyr at du for denne søknadsrunden skal sende søknad på vanleg måte, via den «gamle» kommunen din. Handsaminga vil skje i fellesskap av sakshandsamarar i Sunnfjord kommune si nye avdeling for idrett og friluftsliv, leia av Anne-Grete Nøttingnes Rognsøy.

Søknadssystemet (https://www.anleggsregisteret.no/) vil vere ope frå 1. september 2019.

Typar anlegg og kostnadsgrenser

Det kan søkjast spelemidlar til

  • Ordinære anlegg (organisert aktivitet) – nedre grense for kostnad: 150.000 kroner
  • Nærmiljøanlegg (eigenorganisert aktivitet) – nedre grense for kostnad: 50.000 kroner
  • Turkart – nedre grense for kostnad: 75.000 kroner
  • Det kan og søkjast tilskot til rehabilitering av anlegg som er 10 år gamle

Som hovudregel kan ein få tilskot på inntil 1/3 av godkjent kostnad til bygging/rehabilitering av ordinære anlegg og 50 % til nærmiljøanlegg.

Varsla endringar i retningslinene for søknader om spelemidlar

Kulturdepartementet har i brev av 14. juni 2019 varsla ein del endringar i tilskotsordninga for søknadsrunden 2020:

  • Krav om idretssfunksjonell førehandsgodkjenning blir avvikla frå 15. juni 2019 (gjeld og symjeanlegg og isanlegg, som til no berre har vore handsama i departementet).

Dette inneber ikkje at omsynet til utforming og god funksjonalitet i idrettsanlegg blir redusert eller tatt vekk. Det er framleis eit vilkår for tilskot og godkjenning av søknader at anlegg blir utforma i tråd med føresegnene for den idretten eller den aktiviteten dei er meinte for. Det er søkjar sitt ansvar at det i søknaden blir gjort greie for dette og det er fylkeskommunen som gjennom si sluttbehandling av søknaden vil avgjere om søknaden oppfyller vilkåra eller ei.

Dersom anlegg blir bygd med vesentlege manglar knytt til idrettsfunksjonalitet, vil dette føre til avslag på søknad og/eller inndraging av løyvde spelemidlar.

Kva bortfallet av kravet om idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning vil ha å seie for når anleggsarbeid kan starte, er litt uklart enno. Tidlegare har det jo vore slik at anleggsarbeid har kunna starta opp så snart anlegget var førehandsgodkjent. Vi har kontakta fylkeskommunen om dette og ventar på ei avklaring derifrå rundt dette.

 

Andre endringar: 

  • Førehandsgodkjenning av vedtekter blir avvikla. Kontroll av at søkjar er kvalifisert for ordninga skjer gjennom den ordinære søknadshandsaminga.
  • Det blir og gjort nokre justeringar i dokumentasjonskrav for bruksrett.
  • Fylkeskommunane får rom for sjølv å følgje opp og tilpasse sakshandsaminga t.d. knytt til omfang av dokumentasjon av kostnader, finansiering mv slik at det kan løysast smidigare og betre tilpassa dei mange ulike anleggstypane i ordninga.
  • Vilkår om kommunal garanti blir avvikla (dette gjeld for svært få anlegg når tilskotet er over eit visst beløp).

Ytterlegare, mindre endringar kan førekome i dei endelege føresegnene som vil ligge føre innan 1. september 2019.

Før du kan søkje må du få tildelt eit anleggsnummer. Det får du ved å kontakte din noverande kommune. Det same gjeld om du har spørsmål til det som går fram.