Informasjon om skrantesjuke ( CWD ) på hjortedyr.

Skrantesjuke ( Chronic Wasting Disease ) påvist i Norge for første gong. Mattilsynet og Miljødirektoratet vil teste 15 000 hjortedyr i løpet av 2016. 

Skrantesjuke ( Chronic Wasting Disease ) er smittsam og kan ramme hjortedyr som elg, hjort, rådyr og rein. Sjukdommen er tidlegare påvist i USA, Canada og Sør Korea. I 2016 vart denne sjukdommen påvist i Norge på 2 elgar i Trøndelag og på 2 villrein i Nordfjella Villreinområde. CWD opptrer oftast på hjortedyr eldre enn 3 år. Symptomar er mellom anna avmagring og unormal oppførsel.Sjukdommen er alltid dødelig for dyra. Smitte til menneske er ikkje rapportert.

Mattilsynet og Miljødirektoratet har på landsplan sett som mål å teste 15 000 hjortedyr for CWD i 2016. For Sogn og Fjordane sin del så er det kommunane Flora og Gloppen plukka ut til å ta hjerneprøver på alle skotne hjortar over 1 år. ( første 5 vekene av jakta ) Når det gjeld fallvilt ( påkøyrsle , drukning mm ) så skal det takast hjerneprøve av alle dyr over 1 år. Dette gjeld for alle kommunane i fylket.

Ved observasjon av sjuke, skada eller døde dyr, meld frå til Naustdal kommune v / Henning Malones , tlf 97987128.

Ved å gå inn på nettsida hjorteviltregisteret.no vil ein kunne følge / sjå resultat av prøvetakingane for den enkelte kommune. Klikk på fanen "helse" - deretter klikk på " søk på innsendt prøve" eller " statistikk CWD prøver"

  

 

 

Reinsdyr ved Vonastølen (Ola Kringlen) - Klikk for stort bilete