Informasjon om endringar i eigedomsskattetakst, ny skatteseddel og klagehandsaming

Takstnemnda har gjort endringar i rammer og retningslinjer. Dette påverkar utrekning av takst for alle bustadhus med avgiftsareal større enn 130 m2.

 

Takstnemnda har vedteke at alle bustadhus med avgiftsareal større enn 130 m2 får ein reduksjonsfaktor.

Den gjennomsnittlige kvadratmeterprisen er redusert med 40% for alt avgiftsareal over 130 m2.

Eksempel før endring

Verdiberekning (før korreksjonar) av eit bustadhus med avg-areal på 150 m2:

150 m2 x 16.000 kr                =  2.400.000 kr

Beløp verdiberekning            =  2.400.000 kr

Eksempel etter endring:

Verdiberekning (før korreksjonar) av eit bustadhus med avg-areal på 150 m2:

  130 m2 x  16.000 kr             = 2.080.000 kr

+  20 m2 x (16.000 kr x 0,6)  =     192.000 kr

Beløp verdiberekning            = 2.272.000 kr 

Etter at takstane vart kjend for alle eigedomar i kommunen, såg ein at takstane for større bueiningar slo urealistisk høgt ut. Omsetnadstal syner at kvadratmeterprisen er avtakande når arealet blir over ein viss storleik. Til dømes kan ein ikkje vente at ein bustad på 200 m2 er dobbelt så dyrt som ein bustad på 100 m2. Denne effekten vart ikkje fanga opp i dei rammer og retningslinjer som tidligare har vore lagt til grunn.  Takstnemnda såg det difor naudsynt å gjere justeringar i rammer og retningslinjer som fangar opp denne effekten.

Ny skatteseddel

Ny skatteseddel  vil sendast ut til alle som får:

  • endra takst på sin bustad som følgje av endringa i rammer og retningslinjer.
  • endra bruksareal som følgje av feilretting, kontrollmåling og/eller klage.
  • endra takst som følgje av klage.

Dykk vil på ny bli bede om å kontrollere skatteseddelen nøye og sjå til at arealutrekning er korrekt.

Klagehandsaming 

Det vil bli gitt ny klagefrist til alle som mottek ny skatteseddel.

For desse vil ny klagefrist være i måneskiftet mars/april 2017.

Dersom du alt har sendt inn klage, og du ynskjer at denne skal oppretthaldast til tross for endringane i ny skatteseddel, vil du bli bede om å sende ei stadfesting på at du fortsatt ynskjer å oppretthalde klagen. (Du treng ikkje sende klagen på nytt).

 

Naustdal sentrum, Idrettsbarnehagen med byggefeltet i bakgrunnen. (Naustdal kommune / Øystein Ullaland) - Klikk for stort bilete Øystein Ullaland

Publisert av Ørjan Stubhaug. Sist endra 17.02.2017 av Janne L Svorstøl
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
 
 
Login for redigering