HPV-vaksine til unge kvinner

Alle unge kvinner fødd i 1991 og seinare får fra 1. november 2016 tilbod om gratis HPV-vaksine. Tilbodet gjeld i to år framover.

HPV-vaksine vert tilrådd  til jenter og unge kvinner for å forebygge livmorhalskreft og forstadier til livmorhalskreft forårsaka av HPV-infeksjon.

Stortinget har bestemt at alle kvinner født i 1991 og seinare skal få tilbod om gratis vaksine mot HPV. Vaksinasjonen består av tre doser gitt i løpet av 6-12 månadar. Vaksinasjonen i dette midlertidige programmet må starte seinast to år frå  programets oppstart hausten 2016 og siste dose må være gitt innan 01.07.19.

Ein kan vende seg til Naustdal helsesenter for nærmare avtale om tidspunkt for vaksinering

Tlf. 57816020.

Meir Informasjon om HPV / vaksinasjon er å finne på nettsida til Folkehelseinstituttet 

 

Skogstjerne, Naustdal kommune sin kommuneblom. (Naustdal kommune / Øystein Ullaland) - Klikk for stort bilete

$(TITTEL)
  • Tlf: 57816020
  • E-post: