Gratis bading med skyss T/R Naustdal-Førde symjehall i desember

Målgruppe: Barn og unge med deira familiar.

Barn under 12 år må vere i fylgje med vaksne

Naustdal kommune har fått  tilskot til « Fritid med trivsel for alle» og «Lokal transport til ungdom» .

Kommunen ynskjer å nytte midlane til å tilby gratis badetime i Førde symjehall med skyss (drosje).

 

 

Gratis julebad - Klikk for stort bilete

Tidspunkt: kvar søndag i desember fram til jul.

Naustdal busshaldeplass kl. 13.30.                                        

Retur frå Førde symjehall kl. 16.00.

Påmelding til Ole Eilev Fimland, mobil 99 43 45 45 laurdags kvelden før, innan kl 18.00.

Om mange  melder seg vil vi vurdere å sette opp ein skyss til, ein time seinare. Vi må likevel ta atterhald om at det ikkje er sikkert alle vil få plass.

Barn og unge som reiser utan vaksenfylgje må vere i stand til å ta vare på seg sjølv på turen og i bassenget.

Har du spørsmål; kontakt Turi Bruland, mob. 48220108