Gangveg med rekkverk på riksvegbrua- Naustdal søkjer om at gangveg blir etablert

Klikk for stort bilete 

 

 

 

Naustdal kommune søkjer Statens vegvesen om fråvik frå normalreglar, slik at det kan bli etablert gangveg med rekkverk mot køyrebana på brua.

Aviiket i høve vegnormal går på breidda på gangvegen. Teoretisk breidde på fortauet blir 1,5 m- praktisk kan noko meir nyttast, jamfør notat med vidare forklaring av den moglege løysinga. (PDF, 566 kB)

Grepet er at brua får ei smalare skulder utanfor kvitstripa på oppstraumssida av brua, og ei tilsvarande smal skulder mot eit nytt rekkverk på motsett side. Dermed blir det plass til ein smal gangveg. Løysinga er utvikla i dialog med lokalkontoret til Statens Vegvesen.

Norconsult har vurdert at gangveg verna med rekkverk gjev vesenteleg forbetring av tryggleiken- rapport her. (PDF, 2 MB)