Fellingsløyve for ulv i Naustdal kommune

illustrasjonsfoto frå nett - Klikk for stort bilete Fylkesmannen har gitt løyve til felling av ein i ulv i Naustdal kommune, etter at det er dokumentert skade på sau. Løyvet er gitt ved brev datert 07.07.2018.

Brevet med fellingsløyve er å finne her.

Løyvet har desse vilkåra, jamfør brevet:

  1. Skadefellingsområdet er avgrensa til Naustdal kommune. Fylkesmannen kan endre avgrensinga raskt om vidare skadeutvikling gjer det naudsynt.
  2. Skadefellingsløyvet er tildelt Nordsida og Svoen sankelag ved Odd Erik Hamre og Kjetil Ullaland. Fylkesfellingslaget ved Arve Aarhus, tlf. 477 50 258, er ansvarleg for fellingsforsøket.
  3. Skadefellingsløyvet gjeld i tidsrommet 08. juli 2018 kl. 06.00 til 16. juli 2018 kl. 22.00, og gjeld for ein -1- ulv.