Fellingskvoter for villrein 2016

Villreinnemnda for Sogn og Fjordane har i møte 04.04.2016, sak V-16-9 gjort fylgjande vedtak  med heimel i Forskrift om forvaltning av hjortevilt av 8 Januar 2016 § 28 : 

SVARTEBOTN VILLREINOMRÅDE :

Det vert ikkje tildelt jaktkvote til Svartebotn villreinområde, grunna nedgang i vinterstamma.

SUNNFJORDFJELLA VILLREINOMRÅDE :

Det vert tildelt 3 løyver i Sunnfjordfjella villreinområde. Løyva er frie men uttaket skal fylgje vedteken bestandsplan og avskytingsplan i høve fordeling på alder og kjønn.

FØRDEFJELLA VILLREINOMRÅDE :

Det vert tildelt 10 løyver i Førdefjella villreinområde. Løyva er frie men uttaket skal fylgje vedteken bestandsplan og avskytingsplan i høve fordeling på alder og kjønn.

LÆRDAL / ÅRDAL VILLREINOMRÅDE :

Det vert tildelt 20 løyver i Lærdal / Årdal villreinområde. Grunna ekstraordinære tilhøve er løyva tildelt som frie.

 

Villreinnemnda for Sogn og Fjordane har i elektronisk vedtak datert 30.04.2016 sak 3vj/16, gjort fylgjande vedtak med heimel i Forskrift om forvaltning av hjortevilt av 8 Januar 2016, § 28 : 

VEST - JOTUNHEIMEN VILLREINOMRÅDE .

Det vert tildelt 10 løyver i Vest - Jotunheimen villreinområde. Grunna ekstraordinære tilhøve er løyva tildelt som frie.

 

Reinsdyr (Ola Kringlen) - Klikk for stort bileteReinsdyr (Ola Kringlen) Ola Kringlen

Fagleiar skog og vilt
  • Tlf: 57 81 61 00
  • E-post: