Faktura på VIPPS

Naustdal kommune har tatt i bruk faktura på Vipps.

Faktura på vipps er ein avtale mellom kunde og vipps og om du ikkje ønskjer avtalen må du gå inn på Vipps - profil – Betalingsval - der er det to val:

  1. Motta rekningar i vipps – den må då vere av
  2. Efaktura i nettbank og appar – Alltid vipps efaktura – den må også vere av.

 

Minner elles på at om du får fakturaene på Digipost og ikkje vil ha dei der må du gå inn på Norge.no og reservere deg.

Då går du inn på norge.no – digital borgar – reservasjon – reserver deg mot digital kommunikasjon - legg inn fødselsnummeret ditt – reserver