Endra opningstid ved NAV Naustdal.

Frå 2. mai 2019, vil NAV- kontoret si opningstid vere: MANDAG, ONSDAG OG FREDAG KL. 1200-1400. Endra opningstid gjeld kun brukarar utan avtale.

NAV Naustdal ynskjer at flest mogleg skal avtale møte på førehand. Du kan melde frå om ynskje om møte eller samtale gjennom ditt nav eller www.nav.no/beskjedtilnav heile døgnet. Du kan også ringe vårt Kontaktsenter på tlf. 55 55 33 33, alle kvardagar kl 0800- 1530.

For informasjon om rettar og pliktar, skjema og søknader m.m. sjå nav.no. NAV Naustdal oppfordrar til å nytte digitale sjølvhjelpsløysingar tilgjengeleg på nav.no. Vårt kontaktsenter på tlf 55 55 33 33, er hjelpsame med informasjon og rettleiing ved behov. Digitale tenester er tilgjengeleg heile døgnet.

Ved behov for økonomisk bistand utan om opningstida kan du ta kontakt med kommunen sitt Servicetorg, tlf 57 81 61 00, mandag- fredag 0800-1530, for søknadsskjema.

 

Klikk for stort bilete