Digital utsending av fakturaer

Naustdal kommune har starta med å sende faktura digitalt til våre kundar.

Dersom du har reservert deg frå å få elektronisk post og ikkje har ein avtale som er lista opp under, vil du framleis få fakturaen din heim i postkassen.

Fakturaen frå oss vil no vere utan bankgiroblankett.

 

digital utsending av faktura 1 - Klikk for stort bilete

Fakturaen frå kommunen til deg blir sendt som fylgjande:

 

Avtalegiro eller efaktura

Dersom du allereie har ein avtale med oss om Avtalegiro eller eFaktura, vil du fortsatt få fakturaen som før.

 

Vipps Faktura

Faktura via Vipps føreset at du er brukar av Vipps, har aktivert tenesta «Vipps Regninger» og har registrert eit gyldig mobilnummer i vårt kunderegister. Kontakt oss på postmottak@naustdal.kommune.no om du ynskjer å få registrert mobilnummeret ditt. Meir informasjon finn du på Vipps. Vipps Faktura kjem først i 2019.

 

Digipost eller eboks

Faktura via Digipost eller eBoks føreset at du har ein avtale med ein av desse, og at du ikkje har reservert deg frå å få post frå det offentlege. Meir informasjon om Digipost og eBoks finn du på Norge.no, Digipost og eBoks.no.

 

E-post

Faktura blir sendt som vedlegg til e-post. Dette føreset at du er registrert med ein gyldig e-postadresse i kunderegisteret vårt. Du kan kontakte oss på postmottak@naustdal.kommune.no om du ynskjer å få registrert e-postadressa di.

 

EHF – elektronisk handelsfaktura

Vi sender automatisk fakturaer på EHF til dei av våre kundar som har organisasjonsnummer registrert i Elma registeret. Kan du motta EHF og ikkje får det frå oss, kontakt oss på postmottak@naustdal.kommune.no og informer om riktig organisasjonsnummer.

 

Tilbod om å inngå eFaktura-avtale

Om du er registrert med ein gyldig e-postadresse i kommunen sitt register, vil du få ein epost med tilbod om å inngå efaktura-avtale med Naustdal kommune. E-posten inneheld ei lenke som du må klikke på for å aktivere slik avtale. Det er sjølvsagt valfritt om du ynskjer å inngå slik avtale.

 

Konsekvensar for deg som nyttar brevgiro

Den nye fakturaen frå Naustdal kommune er utan bankgiroblankett og kan ikkje nyttast til brevgiro. Då må du bruke ein tom bankgiroblankett og fylle ut naudsynt informasjon. Informasjonen som skal fyllast ut finn du på den tilsendte fakturaen frå oss. Ikkje utfylte bankgiroblankettar får du i din lokale bank.