Detaljregulering bustadområde Berrvellene, gbnr. 99/2 og 9- sak til høyring

Skjermbilde - Klikk for stort bilete Utval for plansaker gjorde dette vedtaket i sak 18/8, møtedato 08.03.2018:

Utval for plansaker vedtek at framlegg til Detaljreguleringsplan for del av gbnr. 99/2 og bnr. 9 aust for vegen Berrvellene vert sendt på høyring og lagt til offentleg ettersyn etter reglar i plan og bygningslova § 12-10.

 

Planframlegget går fram av planomtale, plankart og føresegner. Planomtale og føresegner er datert 26.01.2018.

Utval for plansaker ber om at det vert utarbeidd visuell dokumentasjon før utsending på høyring.

 

Forslagstillar ved Leite og Howden as har sendt ei visualisering av byggevolum som er føreslege, ved brev 12.04.2018.

Spørsmål om kva som skal vere tillaten utnyttingsgrad i området er drøfta i saksutgreiing. Rådmannen har uttrykt skepsis til så høg utnyttingsgrad som er føreselege. Denne skepsisen er til stades også etter at visualiseringa ligg føre. Det kan såleis vere aktuelt å tilrå lægre utnyttingsgrad, jamfør saksutgreiing.

Lenke til dokument, via heimeside:

Saksutgreiing, vedtak og dokument ved handsaming: https://www.naustdal.kommune.no/innsyn.aspx?response=journalpost_detaljer&journalpostid=2018000878&scripturi=/innsyn.aspx&skin=infolink&Mid1=10246&

Plankart: http://innsyn.e-kommune.no/innsyn_naustdal/wfdocument.aspx?journalpostid=2018000478&dokid=86776&versjon=1&variant=A&

Visuell presentasjon: https://www.naustdal.kommune.no/innsyn.aspx?response=journalpost_detaljer&journalpostid=2018001718&scripturi=/innsyn.aspx&skin=infolink&Mid1=10246& Side 2 av 2

 

Frist for uttale settast til 22. juni 2018.