Delar du brønn med naboen?

No skal alle små vassforsyningssystem registrerast.

Innan 1. juli 2018 skal alle vassforsyningssystem vere registrert hos Mattilsynet. Dette gjeld også dei som er små, for eksempel ein brønn som forsyner to hus med drikkevatn. Meir informasjon og lenke til registreringsskjemaet finn du på Mattilsynet


 

IMG_7500.jpg - Klikk for stort bilete

Har du spørsmål til registreringa? Ta kontakt med Mattilsynet sitt sentralbord på 22 40 00 00, og spør om å få snakke med di lokale avdeling.

Registreringa kan gjerast enkelt frå mobiltelefonen
Registreringa er gratis, og Mattilsynet har utvikla eit enkelt mobiltilpassa skjema til føremålet. I skjemaet registrerar du vassforsyningssystemet si plassering ved å markere staden i eit kart, og det er kun nokre få tilleggsspørsmål som skal besvarast.

Mange fordelar med å registrere vassforsyningssystemet
Kommunen får tilgang til den registrerte informasjonen frå Mattilsynet. Når kommunen har oversikt over den geografiske plasseringa til dei ulike vassforsyningssystema, kan denne informasjonen brukast i det vidare arbeidet. Ein slik oversikt kan for eksempel vere uunnverleg når kommunen legg planar for bruken av areala rundt brønnen og brønnområdet. Oversikta gjer det muleg å vurdere omsyn til drikkevasskjeldene på eit tidleg tidspunkt. 

Drikkevatnet skal vere trygt – også frå små vassforsyningssystem
I januar 2017 kom ei ny drikkevassforskrift, som satte tydelegare krav til trygt drikkevatn også frå små vassforsyningssystem. Kravet om at alle vassforsyningssystema skal vere registrert står i drikkevannsforskriften § 17. Ein presis definisjon av kva eit vassforsyningssystem er kan du lese i drikkevannsforskriften § 3, bokstav k. Informasjon til dei minste vassforsyningssystema gjev nyttig informasjon som er spesielt berekna for små vassforsyningssystem.