Dagsturhytte med nynorsk fjell-bibliotek i Naustdal ?

Sogn og Fjordane fylkeskommune ynskjer at det skal etablerast ei dagsturhytte i alle kommunane i fylket. Hytta skal fungere som ly for vær og vind, lett tilgjengeleg for barnefamiliar og stimulere til fleire opplevingar ute, og leselyst.

Hytta er på ca. 15 kvadratmeter med enkel utforming, ei dør og vindauge, ingen oppvarming/isolasjon, ingen straumtilgang og heller ikkje sanitæranlegg og sengeplasser for overnatting. Hytta må stå på fast fjell eller ein natursteinsmur.

Hytta må vere lett tilgjengeleg og startpunktet må kunne nåast med bil ca 15 min. frå kommunesenteret. Prosjektet finansierast av spelemiddelsøknad og kommunen er tenkt stå som ansvarleg for drift og vedlikehald. Det må skrivast grunneigaravtale for å kome i posisjon for spelemidlar.

Naustdal kommune ynskjer med dette å få inn gode forslag på plassering og/eller grunneigarar som kan spørjast angåande  dagsturhytte i Naustdal.  Gode forslag kan sendast til postmottak@naustdal.kommune.no eller kanskje nettopp du som les dette er grunneigar og er positiv til desse planane.

Ta gjerne kontakt med Henning Malones for meir informasjon.

Haust på toppen av Blomsterlifjellet. (Britt Kringlen) - Klikk for stort bileteHaust på toppen av Blomsterlifjellet. (Britt Kringlen) Britt Kringlen

Publisert av Henning Malones. Sist endra 31.10.2016 av Henning Malones
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Person (1)
 
 
Login for redigering