Borgarleg vigsel i Naustdal kommune

 Frå 1. januar 2018 tek kommunane over ansvaret for gjennomføring av borgarlege vigslar i Norge. For kommunane Førde, Gaular, Jølster og Naustdal vil Førde kommune administrere ordninga med vigslar. 

 Bestilling av tid for vigsel

Det er Servicetorget i Førde kommune som vil ta imot bestilling av vigsel. Ta kontakt på telefon 57 72 20 00 eller bruk det digitale skjema for bestilling av borgarleg vigsel

 

Tid og stad for vigsel

Vi tilbyr vigslar alle yrkedagar i kontortida. Dei fleste vigslane blir gjennomført på fredagar, men vi har tilbod om vigslar på desse laurdagane i 2018:

  • 24. mars (palmelaurdag)
  • 19. mai (pinseafta)
  • 23. juni
  • 14. juli
  • 28. juli
  • 11. august
     

Vigselsrom i Sogn og Fjordane tingrett

Vi har inngått ein avtale med Sogn og Fjordane tingrett om leige av deira vigselsrom for gjennomføring av vigslar. Rommet er innreia slik at det gjev eit verdig og høgtideleg preg. Adresse Fjellvegen 9.
 

Vi aksepterer også vigslar på andre stader i området der køyretida er mindre enn ein halv time frå Førde.

Kommunestyret har vedtake at det også skal leggast til rette for gjennomføring av vigslar i Naustdal.

 

Prøvingsattest

Før de giftar dykk, må Skatteetaten sjekke om de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap. Det vil seie at de må sende inn ein del papir. Behandlingstida er to-tre veker, så ver ute i god tid før vigselen. 

Om alt er i orden skriv Skatteetaten ut ein såkalla prøvingsattest, som viser at de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap. Du skal sende prøvingsattesten til Førde kommune, postboks 338, 6802 Førde. Prøvingsattesten er gyldig i fire månader.
 

Pris 

Vigslar er gratis for alle, sjølv om brudepar er busett i andre kommunar enn Førde, Gaular, Jølster og Naustdal.  
 

Ønskjer de å leggje seremonien til eit tidspunkt eller ein stad som krev meir tid av den kommunale vigslaren, må de rekne med å dekkje tilleggskostnader sjølv.
 

Korleis blir seremonien?

I seremonien nyttar ein Det borgarlege vigslingsformularet, som er ein tekst som vigslaren les opp. Det finst oversettingar til samisk, engelsk, tysk, fransk, spansk og russisk på Bufdir sine nettsider.

 

Seremonien kan deretter bli tilpassa med til dømes tekst og musikk ut over dette. 

 

Vigslar

Ordførar og varaordførar har mynde til å vigsle eit brudepar.

Naustdal kommunestyre har vidare gitt fylgjande personar oppnemnd av Førde bystyre,  mynde til å vigsle brudepar:

  • Inger Huus
  • Bjørnar Karlsen
  • Gunnhild Sande
 
 

Vigselsattest

Kommunen sender ei vigselsmelding til Folkeregisteret innan tre dagar etter vigselen. Vigselsattest vil de motta frå Folkeregisteret. 

 

Gifteringer.png - Klikk for stort bilete