Behov for fleire verjer!

Fylkesmannen har behov for fleire verjer til nye oppdrag, og ynskjer å komme i kontakt med deg som har lyst til å gjere noko for andre. Dei som treng hjelp til å ivareta sine eigne interesser, anten økonomisk eller på annan måte, kan få oppnemnt verje. Verja tek i vare interessene til personen og handlar på vegner av denne i samarbeid med den det gjeld. Det er behov for verjer i heile fylket, men akkurat no spesielt i kommunane Årdal, Askvoll, Aurland, Balestrand, Bremanger, Eid, Flora, Førde, Gloppen, Høyanger, Jølster, Luster, Lærdal, Naustdal, Selje, Sogndal, Stryn og Vågsøy.

Kva krevst det av deg for at du kan bli oppnemnt som verje?

Du må vere eigna for det aktuelle oppdraget. Moment som vert lagt vekt på er til dømes om du er flink til å handtere utfordringar, har kjennskap til regelverk og offentlege instansar, er flink til å formulere deg, har orden i eigen økonomi og likar å gjere noko for andre. Du må ha god vandel, og må legge fram politiattest. I tillegg vil Fylkesmannen gjere ei kredittvurdering av dei som ønskjer å vere verje, og vi gjennomfører ei samtale med den som vil vere verje på telefon. Verjeoppdraga er ulike. Fylkesmannen har Vi har difor behov for å komme i kontakt med personar med ulik bakgrunn, utdanning og erfaring.

Opplæring og oppfølging

Fylkesmannen sørgjer for nødvendig innføring i oppdraget ut frå innhald og omfang, og skal sjå til at du utfører vervet på ein forsvarleg måte. Ved gjennomføring av vervet skal du rådføre deg med Fylkesmannen når du har behov for det. Dette er særs viktig dersom du er i tvil og før du tek store avgjerder som betyr mykje for den som har verje. Slik unngår du å ta avgjerder som ikkje let seg gjennomføre eller kan medføre ansvar. Fylkesmannen gir også rettleiing om kvar du bør vende deg, dersom det du lurer på ligg utanfor Fylkesmannen sitt kompetanseområde.

Ta kontakt med Fylkesmannen for nærare informasjon, dersom du ønskjer å bidra for andre ved å vere verje. Du kan også lese meir om ordninga her.

 

Illustrasjonsfoto (Naustdal kommune / Øystein Ullaland) - Klikk for stort bilete

Publisert av Kjell Skaflestad. Sist endra 27.10.2016 av Ann Lisbeth Lesto
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
 
 
Login for redigering