Avfall: utleigar pliktar å ha fleire abonnement

Alle som leiger ut hus / leilegheiter eller hyblar skal ha meir enn eitt abonnement.

Sist endra 12.07.2016

I Gebyrforskrifta er dette fastlagt slik:

Minimumsgebyret pr. husstand er fastsett til «redusert bustadgebyr» kr. 1.156,- eks. mva. Det er ikkje høve til kombinasjonsvurdering mellom gebyra for fritidshus og vanleg bustad.

  • 1 husstand er sjølvstendige husvære med kjøken og toalett = 1 gebyrpliktig eining.
  • 1 hybelleilegheit er 1 sjølvstendig husvære = 1 gebyrpliktig eining.
  • Inntil 3 hyblar med felles kjøkken og toalett = 1 gebyrpliktig eining.
  • 4 hyblar gjev dermed 2 gebyrpliktige einingar.

Sjå Sunnfjord Miljøverk IKS sine nettsider for meir informasjon.

Kontainer for hytteavfall. (Naustdal kommune / Øystein Ullaland) - Klikk for stort bilete Øystein Ullaland