Alden hamneområde inviterar til brukarmøte

Alden hamneområde skal ha brukarmøte for dei som eig eller nyttar kaier og brygger, eller på anna måte brukar hamneområde i nye Sunnfjord kommune.

 

Fiskebåt ved Gundersenkaia. - Klikk for stort bilete

Alden hamneområde har ansvar for trygging av det kommunale farvatnet for kommunane Førde, Gaular og Naustdal. Det vert halde brukarmøte for nye Sunnfjord kommune på Thon hotel Førde den 10. april klokka 13.00 - 14.00.

 

Meir info om Alden finn de på florahamn.no/alden-hamneomrade/

 

Påmelding kan sendast til hamn@flora.kommune.no

 

Vel møtt