Aktivitetskafè

Kvar torsdag er det aktivitetskafè på kyrkjelydshuset, kl. 10-14.

Hovudmålgruppa er pensjonistar, men alle er velkomne. Her er det kafè, sosialt samvær og ulike aktivitetar. Ingen av aktivitetane er forpliktande, det er berre å møte opp og vere med dei gongene det passar, og på dei aktivitetane du ynskjer. Nesten alle aktivitetane er gratis.

To nye aktivitetar er med inn i det nye året; Bokkafè med bibliotekar og trimgruppe v/fysioterapeut.

>> Sjå plakat (PDF, 247 kB)

Kl. 10.00: Boccia

Boccia er eit spel der ein kastar kuler, med mål om å komme nærast mulig ein liten målball. Dette er ein sosial sport som passar dei fleste, ikkje minst er det god trening. 

Kl. 10.30: Bokkafè

Bibliotekar Olaug A. Haugen fortel om og frå bøkene. Få gode bok-tips! Høve til å låne bøker.

Kl. 10.30: Trening v/fysioterapeut

På styrkerommet i kjellaren på kommunehuset. Treninga kostar 80 kr/mnd. (då kan du bruke styrkerommet elles og).

Kl. 11.30: Trim v/fysioterapeut

I nye-salen på kyrkjelydshuset. Lett trim til musikk, lærer øvingar som ein og kan gjere heime.

Kl. 12.00: Songgruppe  

Vi syng i lag – med den stemma vi har! Tonefylgje v/Magdalena.

 

Det går serviceskyss frå Dalen og sentrumsområdet. Påmelding til drosja (Naustdal taxi) innan kl. 20 dagen før, på tlf.nr.: 97 74 70 70. Kr. 25,- kvar veg.

 

Aktivitetskafèen er eit tiltak i regi av prosjektet Helsefremjande Eldre, som er eit samarbeid mellom Naustdal kommune, Frivilligsentralen og Pensjonistlaget. Om du har spørsmål, eller ynskje om aktivitetar, er du hjarteleg velkommen til å ta kontakt med prosjektleiar Oddlaug W. Kvame, på tlf 57816132, eller på e.post oddlaug.kvame@naustdal.kommune.no.

 Skogstjerne, Naustdal kommune sin kommuneblom. (Naustdal kommune / Øystein Ullaland) - Klikk for stort bilete Øystein Ullaland
Publisert av Oddlaug Wergeland Kvame. Sist endra 12.07.2016 av Ann Lisbeth Lesto
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Prosjektleiar
  • Tlf: 57 81 61 00
  • Mob:
  • E-post:  
 
 
Login for redigering