Adressering- høve til å gje innspel på ein del vegnamn

Lunsjmøte Byggeskikk 03032015 - Klikk for stort bilete I vestre del av kommunen er det tildelt adresser til dei fleste eigedommane. Adresse bør fungere ved søk på navigasjonssystem. Skilting vi kome i løpet av året.

Nokre vegar i kommunen heng att, og skal tildelast namn i prosess no. Vi er opne for innspel.

Det kan ikkje vere like namn på fleire vegar i ein kommune. Same namnet har vore brukt fleire stader i det som no blir Sunnfjord kommune, og det har vore ein prosess for å avklare slike saker. Eit viktig kriterium har vore kor mange adresseeiningar som har vore knytt til dei aktuelle vegane.

Jølster, Gaular, Førde og Naustdal har vedteke ei felles adresseforskrift. Forskrifta er å finne her. Forskrifta er ikkje heilt lik den som var vedteka for Naustdal, men prinsippa er dei same.

Vegar som skal ha tildelt namn no:

Veg

Drøfting alternativ

Naustedalsvegen

For likt Naustdalsvegen. «Naustedalen» blir sjekka ut.

Kleivavegen

«Kleiva» blir sjekka ut

Gamlevegen

Endrast grunna like namn. Gamle strandvegen?

Forslag frå Dagfrid Vestrheim: Melkevikvegen.

Kartverket har registrert Mjølkevika. Altså alternativ i tillegg til Gamle Strandavegen; Melkevik-, Mjølkevik-, eller Mjelkevikvegen.

Leitet

Endrast grunna like namn. Forlenge Ospeteigen?

Liavegen

Endrast grunna like namn. Naustdalslia?

Hogane

Kan ikkje brukast grunna like namn. Brukar Fjordavegen- adresse.

Solheimsvegen

Kan ikkje brukast grunna like namn. Foreslår bruk av Ramsdalsheivegen- adresse, forskrift § 8.4

Byrkjeflotvegen

Kan ikkje brukast grunna like namn. Foreslår bruk av Ramsdalsheivegen- adresse, forskrift § 8.4

Kleppevegen

Kan ikkje brukast grunna like namn. Stuhaug- vegen, eller Stehogane?

Kletten

Kan ikkje brukast grunna like namn. Brukar Helgåsvegen- adresse.

Andalsberget

Fleire og eintydige innspel lokalt at namnet bør vere Andalsberget, utan –vegen.

Horne

Blir eigen adreseeparsell- korrekt etter forskrift

 

 

 

Synd at ein ikkje kan nytte namn som Solheimsvegen og Kletten. Vi vil likevel peike på at bruk kan søkje om  adressetilleggsnamn, jamfør kartverket si forklaring.

Stuhaug/ Stehogane vil avvike frå prinsipp om å bruke namn ved enden av vegen. Vil vel likevel fungere?

Denne meldinga er å sjå som del av pliktig høyringsprosess etter forskrift. alle innspel er velkomne, frå lag og organisasjonar eller enkeltpersonar.

Vi set frist for innspel og merknader til 10. juni 2019. Likevel fyrst best, om du har innspel.