Adresser- stadnamntenesta har gitt uttale

Eksempel adresseskilt (Naustdal  kommune) - Klikk for stort bilete

 

Naustdal Formannskap vedtok 15.06.2017 at framlegg til adresser skal sendast på høyring.

Viktig nytt er at Stadnamntenesta har gitt uttale.

Brev er å finne her:

Publisert av Harald Eikenes. Sist endra 23.09.2017 av Harald Eikenes

Stadnamntenesta har altså merknad til nokre namn.

Nokre namneformer viser seg å vere i bruk andre stader i det som skal bli ein kommune. Regleverket tillet ikkje det, og slike forhold må rettast opp.

Litt frå epostveksling, til orientering:

Frå Ueland, Førde:

Eg viser til saka om adresseframlegg for Naustdal kommune- høyring til 01.09.2017.

Vi gjer merksam på at Hogane og Kletten allereie er nytta som adresse i Førde kommune og bør ikkje vedtakast i Naustdal. Vi ønskjer vidare at de vurderer likskapen mellom Naustedalsvegen og Kleivavegen  opp mot Naustdalsvegen, Kleivane og Øvre Kleivane som er nytta i Førde.

Førde kommune har òg framlegg om bruke Solheimsvegen og Byrkjeflotvegen, men ikkje vedtatt endå.

--------

Frå Eikenes, Naustdal

Bra vi får melding, om det hadde vore enklare utan desse kollisjonane.

  • Hogane og Kletten må vi finne alternativ til.
  • Naustedalsvegen og Naustdalsvegen høyrest likt ut gitt. Må bli ei runde på den.
  • Kleiva/ Kleivavegen ikkje bra. Litt synd, Kleiva er ei grend i Naustdal, og vegnamnet er innarbeidd.
  • Byrkjeflot og Solheim. Må diskuterast, og finnast løysing.

--------

Frå Ueland, Førde

Eg ser dette med Kleiva som ei utfordring for dykk all den tid det har såpass sterk identitet og kjensle knytt til staden i Naustdal. Kan adressa faktisk vere Kleiva – utan «-vegen»? Kva trur du, Knut Ove?

Når det gjeld Byrkjeflot og Solheim er det vel de som har er først ute og derfor har «førsteretten», vi har det berre på «blokka» vår.

Slutt på epostrekke

----------------------

Namn det ikkje er knytta kontrovers til kan kome til avgjerd rimelg raskt. Fellesarbeid med adressesaker i fleire kommunar gjer det litt vanskeleg å vere tydeleg på framdrift.

Det er mogleg å kome med synspunkt, så lenge namneval ikkje er gjort.

Eldre opplysningar vidare nedover...

------------------------

Naustdal formannskap vedtok 15.06.2017 (sak 17/41) at framlegg til adresser for deler av kommunen som ikkje har fått tildelt adresse skal sendast på høyring: 

Naustdal formannskap vedtek at framlegg til namn på adresseparsellar datert 15.06.2017 skal leggast til offentleg ettersyn, og sendast stadnamntenesta til fråsegn.

Formannskapet ber høyringspartane kome med innspel på eventuelle endringar på vegnamn der både fylkesveg og kommunal veg har fått same namn.

 

Andre lekken i vedtaket siktar til forholdet at i saksframlegg var Åsedalsvegen namn på fylkesveg 511 heilt til Kleppstølen. I den vedlagde lista som representerer vedteke høyringsframlegg går Åsedalsvegen til kryss ved Sollia, og Kleppstølvegen er namn på den kommunale vegen vidare.

Det var tidlegare ein fleirbrukskonflikt på namnet Fjordavegen. Dette namnet var og aktuelt i Jølster. Slikt går ikkje, når det bllir same kommune. Vi har no fått melding om at namnet er endra i Jølster, sæå forholdet er avklart.

Motsett er vi no kjend med at namnet Førdevegen kan vere litt problematisk. Det er visstnok også nytta om E39, inn frå Gaularsida. Igjen er det slik at eit namn ikkje kan nyttast på meir enn 1 parsell i same kommune, og det er grunn til å tru at fellesorgan i ny kommune vil sjå på namnsetting i slike tilfelle. I Førde kommune heiter Rv 5 vestover Naustdalsvegen. Kanskje vegen må få heite det også gjennom Naustdal til grensa mot Flora, i tunnellen? (Det siste må stå for artikkelforfattar si rekning).

Høyringa no er meint å sikre at alle som vedtaket får verknad for får høve til å uttale seg før kommunen gjer endeleg vedtak om offisiell adresse, slik matrikkellova § 21 seier.  Dessutan skal Stadnamntenesta for Vestlandet høyrast. Naustdal Formannskap har delegert mynde til å ta avgjerd om adressenamn.

I framlegget er det nytta skjønn på om –vegen skal vere med i namnet, som andrelekk. Slike forhold kan bli endra, og andre justeringar kan bli gjort i endeleg vedtak, utan ny høyring. Forslag til endringar blir elles sjekka ut enkeltvis mot stadnamntenesta. Om du har meining om korleis eit namn skal skrivast, så er det altså rett tid til å kome med innspel no!

Alle dokument i saka er å finne via heimeside- sak 14/341, lenke: https://www.naustdal.kommune.no/innsyn.aspx?response=arkivsak_detaljer&arkivsakid=2014000341&scripturi=/innsyn.aspx&skin=infolink&Mid1=10246&

Innbyggjarane i bustadfelt på Ullaland har peika på at dei har hatt framlegg på Gjerura som adressenamn for deira veg. Dette innspelet har falle ut ved handsaming av saka. Vi melder om dette framlegget no. Vi legg til grunn at Formannskapet vil vurdere framlegget når namn skal fastsettast. 

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
 
 
Login for redigering