Adresser- komite har gitt innstilling

Komite for Landbruk, teknikk og miljø gav si innstilling til adressenamn ved møte 06.04.2017.

Innstillinga er å finne her: (PDF, 112 kB)

Status i adresseprosessen:

Adresseprosjektet har dessverre hatt ein stopp i framdrifta, men er no i godt gjenge.

Kva vegar som skal ha namn er styrt av lokal forskrift, etter dette prinsippet:

7.3 Sidevegar til overordna veg bør vera eigen adresseparsell og få eige

      adressenamn dersom sidevegen er:

      a) Kortare enn 200 meter og fører til minst 10 adresseeiningar, eller

      b) Lengre enn 200 meter og fører til minst 5 adresseeiningar, eller

      c) Lengre enn 0,5 km og fører til minst 1 adresseeining

Det har tidlegare vore gitt høve til å gje innspel til namn. Forslag til namnesliste er så kome til etter drøfting med Naustdal Sogelag. Komite for Landbruk, teknikk og miljø har så gitt si innstilling. Det er gjort redaksjonelle endringar i namnelista etter handsaminga i komiteen, med sikte på at det skal vere lett å orientere seg i namneforslaga.

Komiteen har hatt hovudfokus på strekningsvis inndelling av vegane, og kva namn parsellen bør få. Det er lagt mindre fokus på skrivemåte, ettersom skrivemåte også skal vurderast av stadnamntenesta før det blir fatta vedtak.

Vidare prosess er at Naustdal formannskap skal ta stilling til adresseframlegg, før saka blir sendt på høyring til namnekonsulenttenesta, og lagt til offentleg ettersyn. Alle vil då få høve til å uttale seg om føreslegne namn. Formannskapet får etter planen saka til handsaming 24. mai 2017.

Vi ber i denne omgangen om tilbakemelding om noko skulle vere uklart i  oppsettet. Det er sjølvsagt og lov å ytre seg om framlegga, men det blir altså lagt meir systematisk til rette for det etter fyrste handsaminga i Formannskapet.

 

Regntung kveld på Sæla. (Naustdal kommune / Øystein Ullaland) - Klikk for stort bileteRegntung kveld på Sæla. (Naustdal kommune / Øystein Ullaland) Øystein Ullaland

"Er dette parsell av Fjordavegen?"

Vegnamn og ny kommune:

Ny kommune i indre Sunnfjord vil gje nokre, om ikkje så mange utfordringar for namnsetting av vegar.

Vi har registrert ein konflikt. Vi har alt i dag Fjordavegen som namn på Fv 611 utover mot Sæla. Jølster kommune har gjort vedtak om same namnet på vegen langs Kjøsnesfjorden. Det er ikkje råd å ha same namn på fleire vegparsellar i ein kommune, og vi reknar med at Fellesnemnda vil syte for avklaring av dette namnespørsmålet.

Tilsvarande forstår vi at Gaular har forslag på Førdevegen, på same måte som vi har det forslaget som namn på Rv 5. Også dette må klarast opp i.

Vi reknar likevel med at det vert får tilfelle der der same namnet vert brukt fleire stader, og at den komande høyringa vil vere eigna til å få oversikt over aktuelle namnekonflikter, og andre namnesaker som bør diskuterast i samband med ny kommune.

Publisert av Harald Eikenes. Sist endra 05.05.2017 av Harald Eikenes
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Seksjonsleiar landbruk og plan
  • Tlf: 57816125
  • Mob:
  • E-post:  
 
 
Login for redigering