Aktuelt
Publisert 07.09.2016
Reinsdyr

Skrantesjuke ( Chronic Wasting Disease ) påvist i Norge for første gong. Mattilsynet og Miljødirektoratet vil teste 15 000 hjortedyr i løpet av 2016. 

Publisert 17.08.2016
Kyr

Hugs at søknadsfristen  for produksjonstilskot er  20. august.

I år er søknadsfristen på ein laurdag, men 20. august er framleis siste frist for å unngå trekk i tilskotet.

Publisert 12.08.2016
skuleveg trygg trafikk

Trygg Trafikk Sogn og Fjordane vil i samarbeid med Fylkestrafikktryggingsutvalet også dette året  tilby gratis foreldrehefte til i samband med 1. klassingane og skulestart.

Publisert 12.08.2016
Under Gamlebrua

Naustdal kommune søkjer desse dagane fylkesmannen om godkjenning på låneopptak med sikte på å rehabilitere Gamlebrua. Naustdal kommune er inne i ein økonomisk krevjande situasjon og er innmeld i ROBEK. Dette med fører at kommunen må søkje godkjenning av Fylkesmannen. Samtidig søkjer kommunen Statens Vegvesen om ekstraordinære vegmidlar til bærande konstruksjonar på Gamlebrua.

Publisert 21.06.2016
Skogstjerne

Valnemnda har føljande framlegg til lagrettemedlemmer, meddommarar, jordskiftedommarar og skjønsmedlemmer for perioden 1.1.2017 - 30.12.2020.

Kommunestyret føretek endeleg val i møte den 30. juni.

Publisert 03.06.2016
Beitesvev

Naustdal kommune er glad for avtale med dei private partane i omtalt barnevernsak.

Publisert 02.06.2016
Kart liten SiS

Resultat av innbyggjarundersøkinga, som Kommunestyret vedtok 12. mai at skulle gjennomførast, ligg føre. Den viser at 63% av dei spurte ynskjer samanslåing med Førde, Gaular og Jølster. 31% av dei som har svart  ynskjer ikkje ei samanslåing. 7% hadde ikkje ei meining om dette.

Publisert 30.05.2016
Byggefeltet i Naustdal sentrum

Naustdal kommunestyre har bestemt at det skal skrivast ut eigedomsskatt på eigedomar i heile kommunen. Det er no 10 år sidan sist Naustdal kommune gjennomførte taksering av bustader, og etter normal saksgang gjennomførast det no ny tasering. 

Vi i Naustdal kommune er så heldig at takstnemnda for eigedomskatt har valt å gjennomføre takseringsarbeidet. Dette bidreg til at takseringsarbeidet gjerast på ein god og rettferdig måte, samtidig som at lokalkunnskap ivaretakast. 

Publisert 19.05.2016
Reinsdyr

Villreinnemnda for Sogn og Fjordane har i møte 04.04.2016, sak V-16-9 gjort fylgjande vedtak  med heimel i Forskrift om forvaltning av hjortevilt av 8 Januar 2016 § 28 : 

Publisert 10.05.2016
Naustdal sentrum

E39 og Rv5 går rett gjennom kommunane Jølster, Gaular, Førde og Naustdal. Vi har fleire store prosjekt som må prioriterast i komande Nasjonal transportplan (NTP) – og neste NTP.

Publisert 25.04.2016
Vevring skule

Naustdal kommune har søkt og fått innvilga tilskot, i frå Nasjonal kommunikasjonsmynde, til utbygging av breiband i Vevring.

Kommunen er no ferdig med forhandlingar med leverandørar og har gleda av å informere om at Enivest har vunne anbodskonkurransen.

Publisert 25.04.2016
Vevring sentrum

I møte 17.3.2016 vedtok Naustdal kommunestyre kommunedelplan for Vevring i medhald av plan- og bygningslova § 11-15. Kommunestyret sitt vedtak er endeleg og kan ikkje påklagast.

Planavgrensinga for ny plan strekkjer seg i frå Redalen i aust og til Kvellestad i Vest, og kommunedelplanen erstattar følgjeleg kommuneplanens arealdel for nemnte område.

Publisert 05.04.2016
Skogsveg

Landbruksdirektoratet har sendt ut ny informasjon om forvaltning av dreneringsordninga.

Endringa går ut på at det no kan løyvast tilskot til areal som er planert, og ikkje tidlegare grøfta. Kravet om at arealet tidligare skal være grøfta gjeld framleis for øvrige areal, dvs. areal som ikkje er planert.

Publisert 04.04.2016
Naustdal kommunehus

Valdeltaking: 47.3% (1065 stemmer av 2252 røysteføre)

Etter endeleg oppteljing av godkjende røyster, vart resultatet i Naustdal:

Publisert 04.04.2016
SiS ordførarane april 2016

Samarbeidsforum i Sunnfjord (SiS) krev rassikring av Rv 5 mellom Førde og Florø. 

Publisert 12.02.2016
Leikar i sandkasse

Tema: Uttak og vidareforedling av mineralressursar

Stad: Naustdal kommunehus, Naustdal

Tid: Tysdag 23. februar 2016, kl. 1000 – 1400

Målgruppe: Næringsliv, offentlege etatar og interesserte

 

Påmelding til Ørjan Stubhaug på e-post: orjan.stubhaug@naustdal.kommune.no innan 19.2.16.

Publisert 18.01.2016
Skogstjerne

Kvar torsdag er det aktivitetskafè på kyrkjelydshuset, kl. 10-14.

Hovudmålgruppa er pensjonistar, men alle er velkomne. Her er det kafè, sosialt samvær og ulike aktivitetar. Ingen av aktivitetane er forpliktande, det er berre å møte opp og vere med dei gongene det passar, og på dei aktivitetane du ynskjer. Nesten alle aktivitetane er gratis.

To nye aktivitetar er med inn i det nye året; Bokkafè med bibliotekar og trimgruppe v/fysioterapeut.

>> Sjå plakat (PDF, 247 kB)

Publisert 11.12.2015

Naustdal kommune har kommunal-teknisk vaktordning utover ordinær arbeidstid.

 

 

 

Publisert 02.10.2015
Møte integrering 011015

1. oktober 2015 kom kring 40 personar til Kyrkjelydshuset for å drøfte integrering og samarbeid kring busetting av flyktningar i kommunen vår.