7-Fjellstur i Naustdal

I år arrangerer Indre Sunnfjord Turlag  7-Fjells tur i Naustdal, 30. mai. Oppmøte klokka 08 00 på Sanden i Naustdal.  Første topp er Vindkjegla, så via Steinkorshytta der det vert pause. Så til Steinkorsen og vidare til Blåfjellet som er lengst vest på turen. Tilbake same vegen og opp på Bygdahaugen. Derifrå til Ørnehamrane. ( Ny pause ? ) Vidare austover til Skeisknausen og så til siste toppen som er Liafjellet. Herifrå ned mot Solsidevegen og kommunal veg ned til Sanden. Lengde ca 22 km og ein bereknar 7-9 timar inklusiv godt med pauser.

Turen er stort sett lettgått så møt opp til den første sjufjellsturen i Naustdal !

 

Les meir om turen her  https://indresunnfjord.dnt.no/aktiviteter/109680/869928/

Utsikt mot Naustdal og Førdefjorden. - Klikk for stort bilete