Aktuelt
Publisert 03.05.2017
Reinsdyr

Villreinnemnda for Sogn og Fjordane har fastsett fellingskvoter 2017 for villreinområdene i fylket. 

Publisert 24.04.2017
Tur nr. 2 Tuftedalen - Blånipa

Tre gåvekort a kr. 1.500 vert trekt ut mellom dei som besøker 10 av 13 turmål i tidsrommet 1 mai til 31 desember.

Publisert 12.02.2017
Byggefeltet i Naustdal sentrum

Takstnemnda har gjort endringar i rammer og retningslinjer. Dette påverkar utrekning av takst for alle bustadhus med avgiftsareal større enn 130 m2.

Publisert 01.02.2017
Tur nr. 2 Tuftedalen - Blånipa

Besøkstala for turstiane våre syner ein stor besøksrekord i 2016.  

Publisert 01.02.2017
Byrkjelandstølen

Fellingsresultatet for hjortejakta er klar og viser ein stor auke frå året før.

Publisert 02.01.2017
Naustdal kommunehus

Frå 1. januar 2017 har Naustdal kommune ny postadresse: Naustdal kommune, Tunavegen 6, 6817 Naustdal.

Publisert 05.12.2016
Naustdal sentrum i kveldsmørket

Naustdal kommune søkjer etter husvære til flyktningar. Både leige og kjøp vil bli vurdert.

Ledige husvære kan meldast til servicekontoret i Naustdal, tlf. 57 81 61 00 eller på epost til: postmottak@naustdal.kommune.no

Publisert 05.12.2016
Skogsveg

Elevar har i fylgje opplæringslova ikkje rett på gratis skuleskyss til / frå SFO. Elevar som har plass på SFO får difor ikkje delt ut skysskort på skulen. Dei har likevel rett på å få dekka skyss til/frå skulen på dagar dei ikkje er på SFO, eller er på SFO berre morgon eller ettermiddag.

>> Søknadsskjema refusjon av utgifter til skuleskyss (PDF, 176 kB)

Publisert 14.11.2016
Skogstjerne

 Budsjett 2017, handlingsprogram og økonomiplan 2017-2020 ligg no til handsaming i politiske utval i kommunen.  Formannskapet tek sikte på å handsame planen i møte 24. november. Etter møte vil planen ligge ut til offentleg ettersyn til kommunestyrehandsaming 8. desember.

Publisert 31.10.2016
Blomsterlifjellet

Sogn og Fjordane fylkeskommune ynskjer at det skal etablerast ei dagsturhytte i alle kommunane i fylket. Hytta skal fungere som ly for vær og vind, lett tilgjengeleg for barnefamiliar og stimulere til fleire opplevingar ute, og leselyst.

Publisert 25.10.2016
Skogstjerne

Alle unge kvinner fødd i 1991 og seinare får fra 1. november 2016 tilbod om gratis HPV-vaksine. Tilbodet gjeld i to år framover.

Publisert 18.10.2016
Illustrasjonsfoto integrering 2

Fylkesmannen har behov for fleire verjer til nye oppdrag, og ynskjer å komme i kontakt med deg som har lyst til å gjere noko for andre. Dei som treng hjelp til å ivareta sine eigne interesser, anten økonomisk eller på annan måte, kan få oppnemnt verje. Verja tek i vare interessene til personen og handlar på vegner av denne i samarbeid med den det gjeld. Det er behov for verjer i heile fylket, men akkurat no spesielt i kommunane Årdal, Askvoll, Aurland, Balestrand, Bremanger, Eid, Flora, Førde, Gloppen, Høyanger, Jølster, Luster, Lærdal, Naustdal, Selje, Sogndal, Stryn og Vågsøy.

Publisert 29.09.2016
IMG_7500.jpg

Startar ved Naustdal helsesenter frå 12.10.2016.
Tid for vaksinering frå kl 09:00 – 14:30, måndag – fredag.
På grunn av forventa stor pågang kan ein ikkje møte opp for vaksinering utan avtale.
Ring helsesenteret, tlf 578 16 020, for avtale om influensavaksinering.

Publisert 27.09.2016
rdest1.jpg

 Ynskjer med dette tilbakemeldingar på områder som har den uønska fleirårige stauda Parkslirekne.

Publisert 21.09.2016
Fylkesmannen.PNG

For å ha lov til å køyre må du vere skikka til å kunne køyre på ein trygg måte. Om du er skikka trass i sjukdomstilstand går fram av helsekrava i vedlegg 1 i førarkortforskrifta.

Frå og med laurdag 1. oktober 2016 trer nye helsekrav for førarkort i kraft.

 

Publisert 20.09.2016
NBU Spesialromsfløy juni 2016

lnnhaldet i skulen er i stadig utvikling. Denne hausten har Naustdal barne- og ungdomsskule auka skuledagen med 10 min og lagt inn ei økt på 30 min som legg til rette for læring og fysisk aktivitet «ASK». Økta skal også gje høve til klassemiljøarbeid og klasseråd.

 

Publisert 07.09.2016
Reinsdyr

Skrantesjuke ( Chronic Wasting Disease ) påvist i Norge for første gong. Mattilsynet og Miljødirektoratet vil teste 15 000 hjortedyr i løpet av 2016. 

Publisert 17.08.2016
Kyr

Hugs at søknadsfristen  for produksjonstilskot er  20. august.

I år er søknadsfristen på ein laurdag, men 20. august er framleis siste frist for å unngå trekk i tilskotet.

Publisert 12.08.2016
skuleveg trygg trafikk

Trygg Trafikk Sogn og Fjordane vil i samarbeid med Fylkestrafikktryggingsutvalet også dette året  tilby gratis foreldrehefte til i samband med 1. klassingane og skulestart.